Eksportguide
Her får du ei oversikt over kva du må tenkje på når du skal eksportere varer. Guiden gjev deg hovudreglane ved eksport (eller utførsel) av varer frå Noreg, og rettleier deg vidare til meir utdjupande informasjon innanfor dei ulike tema.
Innholdsfortegnelse
Deklarering ved eksport
Deklarering via tollrepresentant eller transportør
Deklarering på eit tollkontor
Restriksjonar ved eksport
Avgifter ved eksport
Transport av varer
Transport av varer gjennom andre land
Unntak og letter frå deklareringsplikta
Førebels deklarering
Mellombels eksport
Restriksjonar på varer
Frihandel og opphav
Klassifisering av varer
Svalbard og Jan Mayen
Deklarering ved eksport
I tillegg til å setje deg inn i reglane for eksport frå Noreg, må du følgje regelverket for i import i mottakarlandet. Du må kontakte styresmaktene i mottakarlandet for meir informasjon om kva reglar som gjeld der.
Deklarering via tollrepresentant eller transportør
Tollrepresentantar eller transportørar vil ofte kunne ta seg av deklarering og transport for deg. Ein tollrepresentant er ein person eller eit firma, som kan syte for transport og levere deklarasjon for andres rekning.
Tollrepresentantar er som regel knytte opp mot Tolletaten sitt elektroniske fortollingssystem (TVINN), og utfører deklarering elektronisk i dette systemet.
Sjølv om du bruker tollrepresentant, er du som eksportør uansett ansvarleg for at deklarering blir utført i tråd med regelverket.
Deklarering på eit tollkontor
Det er krav om elektronisk levering av deklarasjon frå næringsdrivande. Privatpersonar er fritekne frå kravet om elektronisk deklarering. Privatpersonar må derimot fylle ut ein utførselesdeklarasjon og deretter møte opp hos Tolletaten med nødvendig dokumentasjon som faktura, fraktdokumentasjon, løyve og liknande.
Hjelp til utfylling av utførselsdeklarasjon
Ved utførsel skal du fylla ut ein utførselsdeklarasjon. Sjå korleis du fyller ut deklarasjonen her.
Restriksjonar ved eksport
Somme varer er underlagde ein restriksjon ved eksport. Det vil seie at vara er avhengig av spesielle løyve eller at det gjeld spesielle vilkår ved eksport frå Noreg.
Hugs også å sjekke med styresmaktene i mottakarlandet om det er restriksjonar ved import av vara der.
Avgifter ved eksport
Det er berre ved eksport av fisk og fiskeprodukt du per i dag må betale avgifter.
Transport av varer
Når vara er deklarert og Tolletaten har gjeve løyve til eksport, kan transporten av vara starte. Du står fritt til sjølv å velje på kva måte du ynskjer å transportere vara og kven som skal sende den for deg.
Transport av varer gjennom andre land
Nokre varer blir transporterte gjennom fleire land på veg frå Noreg. Gjennom ei transittering tillèt tollforvaltninga transport frå seljaren i eitt land og fram til ein mottakartollstad i eit anna land, der transporten kan passere fleire land undervegs. Ei transittering skal sikre at varene kjem fram til framkomstmålet i mottakarlandet.
Unntak og letter frå deklareringsplikta
Det er nokre unntak og letter frå deklareringsplikta.
Blant anna er det unntak for
- transportmiddel o.l. som er i bruk på reisa frå Noreg og tilbake igjen
- Skal transportmiddelet bli verande i utlandet, til dømes ved sal, må det deklarerast for utførsel
- yrkesutstyr av mindre verdi
- reisegods
- andre varer som ikkje er avhengige av løyver frå andre styresmakter der verdien ikkje overstig 5 000 kroner per sending
Førebels deklarering
I nokre tilfelle kan vareeigar nytte ei førebels deklarering. Krava for å nytte førebels deklarasjon er strenge, og Tolletaten vurderer om krava er oppfylte i kvart enkelt tilfelle.
Mellombels eksport
Det er eigne reglar for deklarering av varer som skal mellombels ut av Noreg.
Restriksjonar på varer
Det er restriksjonar knytte til enkelte varer. Dersom vara er underlagd ein restriksjon, skal du alltid deklarere vara ved utførsel, sjølv om vara fell inn under eit unntak frå deklareringsplikta, sjå avsnittet over.
Frihandel og opphav
Bruker du opningane som ligg i frihandelsavtalane Noreg har, kan produkta dine få lågare toll eller tollfridom ved import til desse landa. Dette kallar vi preferansetollbehandling. For at mottakar skal få preferansetollbehandling i importlandet, må det vere utferda eit opphavsbevis for varene.
- Les meir om frihandel og opphav ved eksport
- Sjå korleis du kan forenkle eksportprosessen ved å få status som godkjent eksportør
Klassifisering av varer
Alle varer er klassifiserte med eit varenummer i tolltariffen. Eventuelle tollsatsar, avgifter, gebyr og restriksjonar er alltid knytte opp til dette varenummeret. Når du deklarerer, må du oppgje varenummeret.
Svalbard og Jan Mayen
Svalbard og Jan Mayen er å rekne som tollmessig utland. Det vil seie at du må deklarere varer som du eksporterer dit.
Relatert innhold
Oppdatert: 26.2.2025